Funksjonsnedsettingar
Artikkel | Sist oppdatert: 21.03.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Personar med funksjonsnedsettingar har dei same rettane som andre. Regjeringa vil at folk skal kunne leve frie liv, uavhengig av funksjonsnedsetting. Regjeringa vil fremje menneskerettane og dermed likeverd, likestilling, medverknad og respekt for det frie valet til den enkelte. Regjeringa vil få slutt på diskriminering, ufridom og urettvise.
FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) ligg til grunn for regjeringa sin politikk. Alle menneske kan få ei funksjonsnedsetting, og funksjonsnedsettingar er ein naturleg del av den menneskelege variasjonen. Politikken for personar med funksjonsnedsetting omfattar alle samfunnsområda, og vernet av rettane går på tvers av sektorane.
Kultur- og likestillingsdepartementet har eit overordna ansvar for å koordinere regjeringas politikk for menneske med nedsett funksjonsevne overfor andre departement. Sektordepartementa har ansvar på eigne sektorområde.
Organisasjonane er ein viktig høyringspart i relevante politiske prosessar, som utarbeiding av handlingsplanar og strategiar.
I tillegg inviterer statsråden til årlege politiske rundebordskonferansar med Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) og Unge funksjonshemmede og andre statsrådar på feltet om aktuelle tema. På desse rundebordskonferansane held statsråden ei politisk utgreiing om feltet. Dei tre organisasjonane samarbeider også med Bufdir om, på vegne av departementet, å markere den internasjonale FN-dagen for menneske med funksjonsnedsettingar kvart år den 3. desember.
Regjeringa skal føre ein offensiv likestillingspolitikk som gjer at alle blir inkluderte i samfunnet, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet. Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for nasjonal likestilling- og diskrimineringslovgjeving, som mellom anna forbyr diskriminering på grunn av funksjonsnedsetting.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er fagdirektorat
Bufdir er departementets fagdirektorat for politikken for menneske med funksjonsnedsetjing. Direktoratet har ei eiga informasjonsside om likestilling av personar med funksjonsnedsetjing. Bufdir arbeider for å betre levekår og livssituasjonen for personar med funksjonsnedsettingar.
Bufdirs oppgåver omfattar mellom anna:
- Ulike tilskot til aktivitetar for personar med funksjonsnedsetjing. Alle statlege tilskott til frivillige er samla på www.tilskot.no.
- Dokumentasjon om situasjonen for menneske med nedsett funksjonsevne med eigne tal og statistikk (Bufdir.no).
- Eit program for å heve kompetansen om FN-konvensjonen om rettighetar til personar med funksjonsnedsetting (CRPD) i kommunane
- Ei anna kjelde for informasjon om personar med funksjonsnedsettingar er programmet TryggEst