Museum og kulturvern

Musea våre er uttrykk for utviklinga av eit samfunn, sjølvkjensla i ein nasjon, standarden for ytringsfridom og demokrati i ein fellesskap. Museumsinstitusjonar er demokratiske berebjelkar, ein del av den avgjerande infrastrukturen for demokratiutøving og frie ytringar. Museumspolitikken legg difor grunnlaget for ein del av vår felles danning. Slik musea spela ei viktig rolle i nasjonsbygginga av den unge nasjonen Noreg, spelar dei ei like viktig rolle i vår eiga tids forståing av oss sjølve – både kven me har vore, kven me er og kven me vil vera.

Eit grunnleggjande prinsipp i norsk kulturpolitikk er at kulturinstitusjonane skal ha ei sjølvstendig stilling i relasjon til politiske styresmakter. Musea er fagleg autonome institusjonar. Museumspolitikken skal leggja til rette for at sektoren kan utvikla seg på ein god måte, men ikkje leggja føringar som grip inn i fagleg sjølvstende og innhaldsmessige prioriteringar.

Meld. St. 23 (2020-2021) Musea i samfunnet: Tillit, ting og tid - regjeringen.no vart behandla i Stortinget 7. juni 2021, jf. Innst. 573 S (2020-2021) - stortinget.no. Det går fram av innstillinga at det var brei semje i Stortinget om hovedlinene i museumspolitikken framover. Målet for museumspolitikken er ein museumssektor som på best mogeleg fagleg grunnlag er profesjonell, søkjande og offensivt retta mot omgjevnadane. Det er òg avgjerande at musea aktivt søkjer partnarskap som legg grunnlag for solid økonomi med ulike finansieringskjelder. Til grunn for ei slik utvikling ligg det fem målformuleringar for museumspolitikken:

  • Solid kunnskapsproduksjon
  • Relevant formidling
  • Heilskapleg samlingsutvikling
  • Trygg ivaretaking
  • Aktiv samhandling

Museumsnettverket

Driftstilskot til musea i det nasjonale museumsnettverket er det tydelegaste statlege verkemiddelet på museumsområdet i dag. Desse musea kan seiast å vera kjernen i Kultur- og likestillingsdepartementet sin museumspolitikk. Dels handlar dette om at musea i det nasjonale museumsnettverket er dei musea som har vore omfatta av museumsreforma og systematisk vorte styrkte gjennom auka løyvingar og fagleg utvikling. Dels handlar det om at det er desse musea det er samla mest systematisk kunnskap om, gjennom oppfylging av sektoren av Kulturdirektoratet (tidl. Kulturrådet), og før det ABM-utvikling.

Musea er spreidde over heile landet og utgjer samla eit nettverk som tek vare på, forskar på  og formidlar breidda av norsk kulturarv. Basis for formidlingsarbeidet er store gjenstandssamlingar, og om lag 5000 kulturhistoriske bygningar. I dag er det 61 konsoliderte museumseiningar i det nasjonale museumsnettverket.

Musea under Kultur- og likestillingsdepartementet har i eit normalt år eit årleg besøkstal på 6-7 millionar besøkande, og er såleis viktige møteplassar for mange menneske. I 2020-2021 har museumsbesøket vore halvert på grunn av covid-19-pandemien.

Tall for heile museumssektoren vert årlig publisert av Statistikk sentralbyrå og Kulturdirektoratet:

Museumsreforma

Dei siste tjue åra har det vore gjennomført ei større museumsreform. Reforma innebar at fleire enn 300 museum har slege seg saman til om lag 60 konsoliderte museum. Målet med reforma var å styrkje dei museumsfaglege miljøa rundt om i landet. Konsolideringsprosessane har gripe inn i eigarstrukturar, eigedomstilhøve og organisering. Trass i store utfordringar ser det ut til at omorganiseringane har bidrege til at musea har vorte sterkare både driftsmessig og fagleg, ikkje minst når det gjeld forvalting og forsking.

Tilskot til museer og andre kulturvernføremål

Over departementet sitt budsjett blir det årleg løyvd om lag to milliardar kroner til museum og andre kulturvernføremål. Hovudmålet for desse løyvingane er at musea skal skape grunnlag for kunnskap om, forståing for og oppleving av kultur og samfunn på ein måte som viser både kontinuitet og endring, samanheng og ulikskap. Størstedelen av midlane går til driftstilskot til musea i det nasjonale museumsnettverket. I tillegg blir det gjeve tilskot til nokre andre museums- og kulturverntiltak.

Fylkeskommunar og kommunar som nyt godt av kompetansen, formidlinga og andre tenester frå musea, har eit grunnleggjande delansvar for finansieringa av musea.