Verdas helseorganisasjon
Artikkel | Sist oppdatert: 19.11.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Verdas helseorganisasjon (WHO) er FN sin særorganisasjon for helse. Noreg har vore aktivt engasjert i WHO sidan organisasjonen blei oppretta 7. april 1948.
WHO sitt mandat er nedfelt i organisasjonen sin konstitusjon (PDF):
- WHO arbeider for at alle menneske skal ha den beste helsetilstanden som er mogleg å oppnå. Helse er definert som ein tilstand av fullstendig fysisk, psykisk og sosialt velvære og ikkje berre fråvær av sjukdom eller lidingar.
- Etter at verdas leiarar i 2015 vedtok berekraftsmåla, har WHO si hovudoppgåve vore å arbeide for at alle land oppnår berekraftsmål nummer tre, som skal sikre god helse og livskvalitet for alle.
WHO sine ansvarsområde
Verdas helseorganisasjon (World Health Organisation, (WHO) er FN sin særorganisasjon for helse. WHO er verdas leiande globale helseorganisasjon (who.int).
Organisasjonen er den samlande arenaen for utforming av politiske løysingar for felles helseutfordringar, utarbeider normer og standardar innan helseområdet, leier og koordinerer verdas respons ved helsekriser og er ein fagleg støttespelar for nasjonale styresmakter.
WHO er ein normativ-, global samhandlings-, utviklings- og humanitær aktør.
Tilgrensande fagfelt
Tedros Adhanom Ghebreyesus frå Etiopia er generaldirektør. Han tiltrådte i 2017 og blei i 2022 attvald for ein ny femårsperiode.
Hovudkvarteret ligg i Genève. Organisasjonen har seks regionalkontor og 150 landkontor.
Verksemda rører også fleire tilgrensande politikk- og fagområde; mellom anna utanriks- og utviklingspolitikk, sosialpolitikk, barne- og familiepolitikk, klima- og miljøpolitikk og ulike former for næringspolitikk (som til dømes næringsmiddel og legemiddel).
Om WHO
Med støtte frå eit sekretariat, utgjer dei 194 medlemslanda WHO, og styrer organisasjonen si verksemd gjennom det øvste beslutningsorganet Verdas helseforsamling (World Health Assembly, WHA).
Verdas helseministrar møtest årleg under helseforsamlinga i Genève for å vedta WHO sine strategiske planar, programbudsjett og resolusjonar. Samla etablerer dette mandatet for WHO sitt arbeid, og gir politiske og faglege føringar for arbeidet.
34 land er representerte i WHO sitt globale styre. Noreg er valt inn i styret for perioden 2024–2027. Det er departementsråden i Helse- og omsorgsdepartementet som representerer Noreg.
Europeisk kontor i København
WHO sitt europeiske regionkontor (who.int) er lokalisert i København, og blir leia av regiondirektør Hans Kluge frå Belgia. Med 53 medlemsland frå Europa og Sentral-Asia er regionkontoret det største i WHO-samanheng.
Regionkontoret bidrar til implementering av globale initiativ på regionalt og nasjonalt nivå, og etablerer eigne initiativ for å handtere regionale utfordringar.
Landa i regionen kjem saman i regionkomiteen, som er det øvste regionale beslutningsorgan. WHO har også ei rekke landkontor som held dialog med nasjonale styresmakter og tilbyr fagleg støtte. Noreg har ikkje eit slikt kontor.
Samansetning av ekspertutval og fagkomitear
WHO har knytt til seg globale nettverk av faginstitusjonar og fagfolk innan ei rekke viktige fagområde. Dei har oppretta fleire samarbeidssenter i kunnskapsinstitusjonar i medlemsland, og har fleire slike senter i Noreg (who.int). Vidare nyttar WHO ulike typar fagkomitear og ekspertutval i sitt normative arbeid og i førebuingane av saker som blir behandla i dei styrande organa.
Fleire norske departement, etatar, fagmiljø og frivillige organisasjonar er engasjert i WHO si verksemd på ulike måtar. Mellom anna oppmodar WHO medlemslanda til å inkludere ein ungdomsdelegat til møta i organisasjonen sitt styrande organ. Noreg har i fleire år hatt ungdomsdelegat, som blir utnemnd av Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) (lnu.no). Nasjonale ekspertar deltar i personleg kapasitet i slike samanhengar.
Det er eit bærande prinsipp og viktig for WHO sin autoritet som kunnskapsorganisasjon at sekretariatet har ansvar for å sette saman ekspertpanel og liknande, slik at dei samlar den fremste kunnskapen i verda på det aktuelle området.
Norske bidrag til WHO
Noreg har, ved Helse- og omsorgsdepartementet og Utanriksdepartementet, utarbeidd ein WHO-strategi som gir føringar for Noreg sin innsats under styreperioden. Dei tre hovudprioriteringane er høvesvis godt styresett, oppnå universell helsedekning og betre beredskap og respons i helse- og humanitære kriser.
Noreg er blant dei største gjevarlanda av frivillige bidrag til WHO. Bidraga blir finansierte hovudsakleg over bistandsbudsjettet. Ein betydeleg del av norske midlar går til WHO sin humanitære innsats.
Noreg har sidan WHO blei etablert hatt framståande personar i sentrale posisjonar i organisasjonen. Mellom anna var Gro Harlem Brundtland generaldirektør i perioden 1998–2003. Statsminister Jonas Gahr Støre var Brundtlands stabssjef. Den dåverande helsedirektøren Karl Evang spelte ei sentral rolle ved opprettinga av WHO i 1948.
Helse- og omsorgsdepartementet følger også arbeidet i andre FN-organisasjonar, som FN sitt kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC), FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Dei sameinte nasjonars økonomiske kommisjon for Europa (UNECE).