Kavliprisane
Artikkel | Sist oppdatert: 13.06.2024 | Kunnskapsdepartementet
Kavliprisen vert delte ut for framifrå vitskapeleg arbeid innanfor fagområda nevrovitskap, nanovitskap og astrofysikk. Prisen skal òg auke merksemda om fagområda og fremje internasjonalt samarbeid mellom forskarar.
Kavliprisen vart etablert i 2005 og er eit samarbeid mellom Kavli Foundation, Det Norske Videnskaps-Akademi og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisane vert delte ut annakvart år. Kvar pris består av ein medalje, eit diplom og 1 million amerikanske dollar.
Vinnarar av Kavliprisane
Astrofysikk | Nanovitskap | Nevrovitskap | |
---|---|---|---|
2024 | Sara Seager og David Charbonneau | Robert S. Langer, Armand Paul Alivisatos og Chad A. Mirkin | Nancy Kanwisher, Doris Tsao og Winrich Freiwald |
2022 | Conny Aerts, Jørgen Christensen-Dalsgaard og Roger Ulrich | David L. Allara, Ralph G. Nuzzo, Jacob Sagiv og George Whitesides | Jean-Louis Mandel, Harry T. Orr, Christopher A. Walsh og Huda Y. Zoghbi |
2020 | Andrew Fabian | Harald Rose, Maximilian Haider, Knut Urban og Ondrej L Krivanek | David Julius og Ardem Patapoutian |
2018 | Ewine van Dishoeck | Emmanuelle Charpentier, Jennifer A. Doudna og Virginijus Šikšnys | A. James Hudspeth, Robert Fettiplace og Christine Petit |
2016 | Ronald W.P. Drever, Kip S. Thorne og Rainer Weiss | Gerd Binnig, Christoph Gerber og Calvin Quate | Eve Marder, Michael M. Merzenich og Carla J. Shatz |
2014 | Alan H. Guth, Andrei D. Linde og Alexei A. Starobinsky | Thomas W. Ebbesen, Stefan W. Hell og Sir John B. Pendry | Brenda Milner, John O’Keefe og Marcus E. Raichle |
2012 | David Jewitt, Jane X. Luu og Michael Edwards Brown | Mildred S. Dresselhaus | Cornelia Isabella Bargmann, Winfried Denk og Ann Martin Graybiel |
2010 | Jerry Nelson, Ray Wilson og Roger Angel | Donald Eigler og Nadrian Seeman | Thomas Südhof, Richard Scheller og James Rothman |
2008 | Maarten Schmidt og Donald Lynden-Bell | Louis E. Brus og Sumio Iijima | Pasko Rakic, Thomas Jessell og Sten Grillner |
Kavli Foundation vart oppretta av Fred Kavli (1927–2013) i år 2000 for å fremje vitskap til gunst for menneskeslekta. I tillegg til Kavliprisane støttar stiftinga òg ei rekke Kavli-institutt, som er verdsleiande forskingsgrupper innanfor astrofysikk, nanovitskap, nevrovitskap og teoretisk fysikk. Stiftinga finansierer òg Kavli-professorat, vitskaplege og populærvitskaplege møte og andre tiltak for å auke interessa for forsking i samfunnet generelt.
Fred Kavli vart fødd i Eresfjord i Noreg i 1927. Han utvandra like etter å ha utdanna seg innanfor ingeniørfag og teoretisk fysikk ved Noregs tekniske høgskole i 1955, og busette seg i USA i 1956. To år seinare etablerte han selskapet Kavlico Corporation, som utvikla seg til ein av dei verdsleiande produsentane av sensorar til køyretøy, fly og romfartøy. Kavli Foundation vart oppretta i samband med at Kavlico vart selt i 2000.
Kavliprisveka
Kavliprisveka er tidlig i september annakvart år. I tillegg til prisutdeling i Oslo Konserthus og regjeringas bankett i Oslo Rådhus til ære for prisvinnarane, inneheld veka ein rekke arrangement innan de tre fagområda inkludert prisvinnarforelesningar og populærvitskaplege foredrag. I Kavliprisveka deltek mange internasjonalt leiande forskarar og politikarar.
- Les meir på nettstaden til Kavliprisane
- The Kavli Foundation | Kavli Foundation
- Det Norske Videnskaps-Akademi