Foreldrepengar, barnetrygd og kontantstøtte
Artikkel | Sist oppdatert: 26.06.2024 | Barne- og familiedepartementet
Dei to viktigaste overføringane til barnefamiliane i Noreg er barnetrygd og foreldrepengar. Barnetrygda er ei støtte til familiane som skal dekkje noko av kostnadene ved å ha barn. Den går til alle familiar med barn under 18 år.
Foreldrepengar går til familiar ved fødsel eller adopsjon og varer for dei fleste til barnet er om lag eitt år. Foreldrepengane skal gjere det økonomisk mogeleg for familien at ein forelder er heime med barnet det første leveåret. Sjå nav.no for meir informasjon.
Barnetrygda
Det blir utbetalt barnetrygd for barn under 18 år. Retten gjeld frå månaden etter fødselen og til og med månaden før barnet fyller 18 år. Barnetrygda blir utbetalt per barn. Satsane blir fastsett årleg av Stortinget. Sjå nav.no for meir informasjon.
Ein einsleg forsørgar med barn under 18 år har rett til utvida barnetrygd. Denne retten fell bort dersom vedkomande giftar seg, har vore sambuar i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller får felles barn med ein sambuar.
Det er eit vilkår for rett til barnetrygd at barnet er busett i Noreg. Ved utanlandsopphald utover vanlege ferieopphald gjeld særskilde reglar. EØS-avtala kan medføre unnatak frå kravet om busetjing i Noreg.
Korleis få barnetrygd?
Det er i dei fleste tilfelle ikkje naudsynt å søkje om barnetrygd for nyfødde. Folkeregisteret sender fødselsmelding til NAV lokalt som forvaltar og utbetalar barnetrygd. I enkelte tilfelle må det setjast fram krav, mellom anna dersom barnet er eldre enn seks månader, og i tilfelle der det ligg føre rett til utvida barnetrygd.
Foreldrepengar og eingongsstønad
Foreldrepengar skal sikre foreldra inntekt under foreldrepermisjonen og medverke til eit likestilt foreldreskap. Foreldra deler i dag ein periode på 49 veker med full sats (100 prosent lønskompensasjon) eller 59 veker med redusert sats (80 prosent lønskompensasjon).
For barn født etter 1. juli 2024 gjeld nye reglar, foreldra deler ein periode på 49 veker med full sats (100 prosent lønskompensasjon) eller 61 veker med redusert sats (80 prosent lønskompensasjon).
Foreldrepengar kan takast ut i løpet av dei første tre åra til barnet. Foreldrepengeperioden består av tre delar: fedrekvoten, mødrekvoten og fellesperioden.
Mødre- og fedrekvoten kan ikkje overdragast til den andre, utan i spesielle tilfelle. Fellesperioden kan disponerast fritt mellom foreldra. Tre veker før og seks veker etter fødselen er reservert mor. Dei seks vekene etter fødselen er ein del av mødrekvoten.
Rett til foreldrepengar og eingongsstønad
Retten til foreldrepengar blir tent opp gjennom arbeid seks av dei siste ti månadene før permisjonsstart. Mødrer som ikkje har rett til foreldrepengar har rett til eingongsstønad.
Foreldrepengane baserer seg på inntekt, opp til 6 G. Eingongsstønaden er eit eingongsbeløp som blir fastsett av Stortinget. Sjå nærmare på nav.no.
Kontantstøtte
Kontantstøtte er eit alternativ til bruk av barnehage som frå 1. august 2024 gjeld for barn frå 13 til og med 19 månader.
Dersom barnet går heiltid i ein barnehage med offentleg tilskott, får ein ikkje kontantstøtte. Dersom barnet går deltid, kan ein få delvis støtte.
Satsane blir fastsett årleg av Stortinget. Sjå nav.no for meir informasjon.