Forskingspolitikken på energi- og petroleumsområdet
Artikkel | Sist oppdatert: 15.08.2024 | Energidepartementet
Målet med forsking og utvikling (FoU) innanfor energi- og petroleumssektoren er å bidra til ei effektiv og berekraftig utnytting av dei norske energi- og petroleumsressursane.
Denne satsinga er viktig både for å utvikle og ta i bruk nye løysingar og er eit sentralt element i ambisjonen om at Noreg skal vere verdsleiande innanfor utviklinga av miljøvennleg energi.
Framleis satsing på teknologiutvikling er avgjerande for at Noreg skal ha ei effektiv og miljøvennleg ressursforvaltning innan fornybar energi og petroleum. Vidare har Noreg sterke forskingsmiljø og ei betydeleg industriell verksemd som er tufta på utnytting av energi- og petroleumsressursane våre. Det er eit mål at forskingsmiljøa og industrien skal vidareutvikle kompetansen sin og vere internasjonalt konkurransedyktige.
Energidepartementet konsentrerer forskingsinnsatsen sin særleg på område der det er norske forskingsbehov, der norske forskingsmiljø har kompetanse og posisjon, der norsk næringsliv og andre brukarmiljø har kompetanse til å ta i bruk forskingsresultat og der norske energiressursar gir oss ein spesiell posisjon på lang sikt.
Det er næringslivet som står for det meste av forskinga i energi- og petroleumssektoren. Offentlege FoU-løyvingar skal bidra til å finansiere forskings- og utviklingsaktivitetar som elles ikkje ville vore sett i gang av næringa sjølv. Samla bidreg satsinga på forsking og teknologiutvikling til å sikre auka verdiskaping og velferd for dagens samfunn og kommande generasjonar.
Viktige utfordringar og prioriteringar
Petroleumssektoren
Petroleumssektoren er ei stor inntektskjelde for staten. Den framtidige verdiskapinga innanfor olje- og gassektoren avheng av kor effektivt me klarer å utnytta dei ressursane som er att på norsk kontinentalsokkel. Satsing på FoU og kompetansebygging er viktig for å sikre ei effektiv, sikker og miljøvennleg utnytting av petroleumsressursane og samtidig bidra til utvikling av den norske petroleumsnæringa som den fremste høgteknologiske kunnskapsindustrien vår.
Med dagens planar vil om lag halvparten av olja bli liggjande igjen under havbotnen. Ein auke i utvinningsgrada vil gi store inntekter til staten. Det er derfor nødvendig med ein stor innsats for å auke utvinninga frå eksisterande felt. Samtidig er potensialet for nye funn framleis betydeleg, særleg i nordområda. Satsing på FoU som kan påvise nye ressursar og bidra til at både nye og eksisterande funn kan byggjast ut, er eit prioritert område.
Regjeringa har som mål å vidareutvikle kompetanse som set oss betre i stand til å drive petroleumsverksemda på ein berekraftig måte. Derfor legg regjeringa vekt på FoU som kan bidra til auka energieffektivisering og reduserte klimagassutslepp frå verksemda på norsk sokkel. Felles for utfordringane på norsk sokkel er at digitale løysingar og teknologiar er nøkkelen til auka verdiskaping. Derfor har FoU som mellom anna bidreg til deling av data og auka digital kompetanse i næringa fått stadig aukande merksemd.
Energisektoren
Klimautfordringane og utvikling mot eit lågutsleppssamfunn føreset at det blir satsa på utvikling av teknologi innan fornybar energi og effektiv energibruk. Som nasjon har Noreg eit særskilt ansvar, og samtidig eit nasjonalt fortrinn, innan energisektoren. Kunnskapen og kompetansen vår kan spele ei viktig rolle i arbeidet med å finne løysingar som reduserer utsleppa av klimagassar frå produksjon og bruk av energi.
Satsinga skal bidra til effektiv utnytting av nasjonale energiressursar og skal sikre ei effektiv, robust og miljøvennleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Samtidig skal satsinga auke moglegheitene for at norsk næringsliv og norsk kompetanse kan konkurrere på den internasjonale marknaden for fornybare energiløysingar.
CO₂-handtering (CCS)
Det er eit stort behov for utvikling og demonstrasjon av ny teknologi for fangst og lagring av CO₂ knytt til fossilt basert kraftproduksjon. Ifølgje FNs klimapanel må globale utslepp av klimagassar reduserast med minst 50-85 prosent samanlikna med 2000-nivået innan 2050 for å nå togradersmålet. Samtidig vil fossil energi framleis vere nødvendig i mange tiår framover for å møte eit aukande energibehov som følgje av auka velferd i land utanfor OECD.
CO₂-handtering vil derfor vere eit viktig bidrag for å redusere utslepp. Satsing på FoU og demonstrasjon knytt til CO₂-handtering i Noreg vil gi ny kunnskap og bidra til å utvikle meir effektive og billegare løysingar. Ei slik satsing er nødvendig dersom CO₂-handtering skal kunna utviklast til eit effektivt klimaverkemiddel med brei bruk globalt.
Viktige aktørar og organisering av verkemiddel
Nasjonale FoU-strategiar: Energi21 og OG21
Strategigruppene OG21 (Olje og gass i det 21. hundreåret) og Energi21 vart utnemnde av Energidepartementet i høvesvis 2001 og 2008. Oppdraget var å utarbeide nasjonale FoU-strategiar for petroleums- og energisektoren som kan vere retningsgivande for både næring og styresmakter. Arbeidet blir leidd av eit styre der industrien, forskingsmiljøa og verkemiddelapparatet deltek. Samarbeidet legg grunnlaget for ein samordna, effektiv og målretta forskings- og teknologiinnsats, der auka engasjement i næringa står sentralt.
Energidepartementet legg strategiane til grunn i styringa av departementet sine løyvingar til FoU som blir administrerte av Noregs forskingsråd. OG21-strategien vart sist revidert i 2021, medan Energi21-strategien vart revidert i 2022.
Noregs forskingsråd
Energidepartementet sine løyvingar til forsking og utvikling (FoU) innanfor energi- og petroleumssektoren blir i hovudsak kanalisert gjennom Noregs forskingsråd. Forskingsrådets program PETROMAKS 2, ENERGIX, DEMO2000, PETROSENTER og CLIMIT, og dessutan 10 forskingssenter for miljøvennleg energi (FME), er dei viktigaste verkemidla Energidepartementet finansierer.
Petrosentera omfattar eit kompetansesenter for arktiske utfordringar, eit forskingssenter for auka utvinning og eit forskingssenter for lågutslepp. Forskingsprogramma i Forskingsrådet dekkjer både langsiktig grunnforsking, anvend forsking til teknologiutvikling og samfunnsvitskapleg energi- og petroleumsforsking. I seinare tid har departementet lagt større vekt på langsiktig kompetansebygging i prosjekta som blir støtta.
Gassnova
Innanfor FoU knytt til CO₂-handtering, har Gassnova SF forvaltningsansvaret for støttemidlane til demonstrasjonsprosjekta i CLIMIT-programmet. Den norske staten, ved Gassnova, er også ein av eigarane av Teknologisenteret på Mongstad (TCM) som vart opna i mai 2012. Senteret er bygd for å teste og demonstrere teknologiar for fangst av CO₂. Regjeringa sitt mål er at teknologisenteret skal vere ein arena for langsiktig og målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO₂-fangst.
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er også ansvarleg for ein del av forskingsaktivitetane innanfor energisektoren. Dette relaterer seg i første rekkje til forvaltningsretta energi- og vassdragsforsking.
Internasjonalt forskingsarbeid
I tillegg til dei nasjonale forskingsaktivitetane, deltek Noreg og norske forskingsmiljø aktivt i internasjonalt energi- og petroleumsforskingssamarbeid. Deltaking i internasjonalt FoU-samarbeid er eit viktig supplement til den nasjonale forskinga og skal bidra til å auke kvaliteten og kapasiteten i forskinga. Det skal vidare vere med på å sikre Noreg tilgang til internasjonal kunnskapsproduksjon, styrkje konkurranseevna til næringslivet og fremje Noreg som leiande forskings- og innovasjonsnasjon innanfor energi- og petroleumsområdet.