Kva skjer ved eit regjeringsskifte?
Artikkel | Sist oppdatert: 14.09.2021
Ei regjering må ha eit parlamentarisk grunnlag på Stortinget. Stortingsfleirtalet har difor avgjerande innverknad både når ei regjering blir skipa, og når ho går av. Skipinga av ei ny regjering tek til når ein sitjande statsminister søkjer avskil og kongen har gitt ein annan i oppdrag å skipe ny regjering.
Når ein statsminister meiner det ikkje lenger finst noko parlamentarisk grunnlag for den sitjande regjeringa, vil regjeringa søkje avskil. Bakgrunnen kan vere at regjeringa har fått eit mistillitsvedtak mot seg i Stortinget, at ho har stilt kabinettspørsmål og fått stortingsfleirtalet mot seg, at det er samarbeidsvanskar i regjeringa, eller at regjeringspartiet/regjeringspartia har lide valnederlag eller tapt ei viktig folkerøysting.
Ei regjering som søkjer avskil på grunn av valresultatet, gjer det helst etter at eit nytt Storting er konstituert, og etter å ha lagt fram forslag til statsbudsjett.
Etter den konstitusjonelle sedvanen som voks fram i Noreg i perioden 1884–1905, gjeld desse reglane ved regjeringsskifte:
- Landet er aldri utan regjering. Med andre ord er kongen aldri utan rådet sitt – statsrådet.
- Kongen godtek ikkje avskilssøknaden til ei regjering før det er mogeleg å utnemne ei ny regjering samtidig.
- Kongen utnemner ei ny regjering ”i statsråd”, det vil seie i statsrådsmøte saman med den regjeringa som går av.
Gangen i eit regjeringsskifte er såleis denne:
- Etter at Stortinget er blitt orientert, leverer regjeringa avskjilssøknaden sin i ordinært eller ekstraordinært møte i statsrådet.
Når avskilssøknaden er motteken, bed kongen den sitjande regjeringa om å halde fram som forretningsministerium til det kan skipast ei ny regjering. Så vil den avgåande statsministeren normalt bli rådspurt om kven kongen bør vende seg til for å få skipa ei ny regjering. - Den avgåande statsministeren vil då oftast rå kongen til å spørje ein av dei parlamentariske leiarane i Stortinget – anten leiaren for det største partiet eller leiaren for det største opposisjonspartiet. Kongen kan òg bli rådd til å ta kontakt med alle dei parlamentariske leiarane eller med stortingspresidenten. I dei fleste tilfelle følgjer kongen rådet frå statsministeren.
- Når den som har fått i oppdrag å skipe ei ny regjering, melder til Kongen at alt er klart, blir begge dei avgjerande vedtaka om regjeringsskifte tekne i eit statsrådsmøte – ordinært eller ekstraordinært etter som det høver. Dette er det siste stadsrådsmøtet til den avgåande regjeringa.
I dette statsrådsmøtet vil Kongen og den avgåande regjeringa utnemne den nye regjeringa, med verknad frå eit visst tidspunkt. Samtidig godtek Kongen avskilssøknaden frå den avgåande regjeringa med verknad frå same tidspunkt. Dette er tidspunktet for sjølve regjeringsskiftet.
Etter det siste statsrådsmøtet sitt reiser den avgåande regjeringa til regjeringskontora for siste gong, etter å ha møtt publikum og pressa på Slottsplassen. - På den fastsette tida for regjeringsskifte kjem den nye regjeringa til Slottet for å gjere dei første vedtaka sine, først og fremst gjeld det kva for statsrådar som skal styre kva for departement.
Etter det første statsrådsmøtet sitt, og etter å ha møtt publikum og pressa på Slottsplassen, reiser den nye regjeringa til kontora sine for første gong. Der møter dei forgjengarane i ein enkel overtakingsseremoni. Så forlet dei tidlegare regjeringsmedlemene kontora for siste gong.
Fotnotar
Departement
Del av regjeringsadministrasjonen som blir styrt av et regjeringsmedlem/en statsråd.
Forretningsministerium
Når statsministeren har levert sin avskjedssøknad, ber Kongen regjeringen ivareta de «løpende forretninger» inntil en ny regjering er på plass. I denne perioden kalles sittende regjering for et forretningsministerium.
Kabinettspørsmål
Erklæring fra regjeringen eller en eller flere statsråder om at de vil gå av dersom de får flertallet i Stortinget mot seg.
Kongen
Norges statsoverhode når dette er en mann. Brukes av og til i lover eller forskrifter som kortform for begrepet "Kongen i statsråd".
Regjeringen
Regjeringen har den utøvende makt. I Grunnloven står det at regjeringen skal bestå av statsministeren og minst syv andre medlemmer (statsråder).
Statsråd
Medlem av regjeringen, også kalt minister.
Brukes også om regjeringsmøte ledet av Kongen. Her fatter regjeringen offisielle beslutninger.
Stortinget
Norges folkevalgte nasjonalforsamling. Stortingets viktigste oppgaver er å vedta lover, bestemme statens budsjett og å kontrollere regjeringen.
Stortingspresident
Stortingspresidenten leder møtene i Stortinget, leder presidentskapet i Stortinget, og innehar det høyeste offentlige verv i Norge etter Kongen.