Statsbudsjettet 2022
Samiske føremål i 2022-budsjettet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 12.10.2021
- Regjeringa har som mål å leggje til rette for at samane kan sikre og utvikle språket, kulturen og samfunnslivet sitt. Regjeringa gjer framlegg om ei total løyving på i underkant av 1,3 milliardar kroner til samiske føremål i 2022-budsjettet, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.
Regjeringa foreslår ei løyving på 60 millionar kroner til oppstart av bygginga av Beaivváš samisk nasjonalteater og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule. Bygget skal etter planen stå ferdig i løpet av 2024.
– Det er svært gledeleg at vi i samarbeid med Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet kan gå i gang med bygginga av samisk nasjonalteater og ny samisk videregåande skule i 2022, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.
Sametinget får òg auka løyvinga si i budsjettforslaget, med 6 millionar kroner, til oppfølging av stortingsmeldinga om næringsgrunnlag for samiske samfunn. Dette vil mellom anna gje Sametinget moglegheit til å vidareutvikle alternative samiske næringsvegar i partnerskap med andre virkemiddelaktørar. Løyvinga til Sametinget vert óg auka med 7,3 millionar kroner til å dekkje husleige ved det nye museumsbygget Samien Sijte – sørsamisk museum og kultursenter, som skal stå ferdig desember 2021.
Reindriftsavtalen er auka med 15 millionar kroner, eller om lag 10 prosent i statsbudsjettet 2021/2022, dette er tilsvarande auke som for reindriftsavtalen 2020/2021.
Regjeringa foreslår óg ei løyving på 5 mill. kroner til å etablere eit eget barnehustilbud tilrettelagt for barn i samiske kjerneområder.
– Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for samarbeid med samiske interesser for å etablere gode tiltak for det samiske samfunnet i 2022 og framover. Eit teikn på det er at dei totale løyvingane til samiske føremål har hatt ei positiv utvekling over fleire år, seier Helleland.
Ei samla oversikt over budsjettsaker som gjeld samiske forhold er tilgjengeleg på regjeringen.no, i publikasjonen Bevilgninger til samiske formål i statsbudsjettet 2022.