Revidert nasjonalbudsjett 2007:
Riksvegferjer: Tilleggsløyving på 20 millionar kroner
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 15.05.2007
Regjeringa gjer framlegg om at løyvinga til kjøp av riksvegferjetenester skal aukast med 20 millionar kroner. Denne tilleggsløyvinga over statsbudsjettet for 2007 har mellom anna samanheng med at ferjeselskapa har hatt noko større driftsutgifter enn det som er lagt til grunn i tidlegare vedtatt budsjett.

Større kapasitet i Tausambandet
Kapasiteten i Tau-sambandet i Rogaland blei auka med om lag 20 prosent frå 1. mai i år. Ferja MF ”Rennesøy” blei då sett inn i sambandet, til erstatning for den mindre ferja MF ”Utstein”. Ein oppnår med dette ei god avvikling av trafikken til beste for næringslivet og folk flest i regionen, går det fram av ei orientering som er tatt inn i ein eigen stortingsproposisjon om ein del saker på Samferdselsdepartementets område.
For fleire opplysingar, sjå:
St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007
St.prp. nr. 68 (2006-2007) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område