Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2007:

Betre vegar gir tryggare trafikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

87/06

Pressemelding

Nr.: 87/06
Dato: 06.10.06

Statsbudsjettet 2007:

Betre vegar gir tryggare trafikk

- Den sterke veksten i vegbudsjettet med vedlikehalds- og utbyggingstiltak vil betre trafikktryggleiken. Det er eit mål at stamvegane og dei mest trafikkerte riksvegane får utvida vegbane til to felt med midtstripe, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Om lag 500 millionar kroner vil bli nytta til særskilde tiltak for trafikktryggleik i 2007. Innanfor Statens vegvesen sitt ansvarsområde vert det satsa på bygging av midtrekkverk, utbetring av kurver og kryss og kryssingsalternativ for fotgjengarar. Det blir og høgt prioritert å gjere strakstiltak etter inspeksjonar av trafikktryggleiken.

Nye veginvesteringar og drifts- og vedlikehaldsoppgåver, som er viktige for trafikktryggleiken, er gitt høgaste prioritet. Dette gjeld særleg vinterdrifta, med brøyting, salting og strøing. Desse satsingane på nye investeringar og vedlikehald kjem i tillegg til dei særskilde midlane til trafikktryggleik.

Dessutan går regjeringa inn for at det neste år skal brukast i alt om lag 560 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet.

Informasjon og auka bruk av kontrollar

Regjeringa held fram arbeidet med nullvisjonen, og vil særleg gjennomføre tiltak mot dei mest alvorlege ulykkene; møteulykker, utforkøyringsulykker og fotgjengarulykker. Her er det naudsynt med eit breitt spekter av tiltak innan utbygging, drift og vedlikehald av vegnettet, så vel som informasjon, opplæring og auka bruk av kontrollar.

Trafikkontrollar, medrekna automatisk trafikkontroll (ATK), vil bli auka i 2007.

Gang- og sykkelvegar

For 2007 er det lagt til grunn at ein langs eksisterande veg skal bruke i alt 310 millionar kroner til tiltak for gåande og syklande. 240 millionar kroner av dette er statlege midlar. Utbygging av samanhengjande sykkelnett i utvalde byområde blir prioritert, saman med tiltak på skolevegar og andre strekningar der det ferdast mange mindreårige.

I tillegg vil det bli gjennomført bygging av gang- og sykkelvegar som del av utbygginga av nye vegstrekningar på riksvegnettet.

Tilskott til Trygg Trafikk og Syklistenes Landsforening

I forslaget til budsjett for Samferdselsdepartementet er det for 2007 ført opp tilskott til to organisasjonar som arbeider innanfor feltet trafikktryggleik. 18,7 millionar kroner er ført opp til Trygg Trafikk. Dette er ein auke på 0,6 millionar kroner samanlikna med 2006. I tillegg kjem 500 000 kroner til Syklistenes Landsforening, til arbeid for ein tryggare og betre tilrettelagt sykkeltrafikk. Dette er ein auke på 100 000 kroner.

Til redaksjonen

Fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2007 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak – sjå nettsider om SD-budsjett