Historisk arkiv

Regionale flyruter i Finnmark og Nord-Troms: Staten sikrar lågare billettprisar og betre trafikktilbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag utlyst anbod for drift av regionale flyruter på strekningar i Finnmark og Nord-Troms for perioden 1. april 2007 - 31. mars 2010. Flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod. (24.08.06)

Pressemelding

Nr.: 69/06
Dato: 24.08.06

Regionale flyruter i Finnmark og Nord-Troms: Staten sikrar lågare billettprisar og betre trafikktilbod

Samferdselsdepartementet har i dag utlyst anbod for drift av regionale flyruter på strekningar i Finnmark og Nord-Troms for perioden 1. april 2007 - 31. mars 2010. Flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod.

- Maksimalprisane på dei regionale flyrutene i Finnmark og Nord-Troms skal frå neste år setjast ned med 20 prosent. Ein slik prisnedgang og krav om betre samband mellom Vest- og Aust-Finnmark er nokre av vilkåra Samferdselsdepartementet legg til grunn ved den komande anbodskonkurransen om drift av regionale flyruter i Finnmark og Nord-Troms. Folk og næringsliv i denne delen av landet vil med dette bli sikra eit enda betre transporttilbod, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Anbodskontraktane omfattar to ruteområde. ”Ruteområde 1” (ruter mellom Kirkenes, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest og Alta) og ”ruteområde 2” (Hasvik – Tromsø, Hasvik – Hammerfest, Sørkjosen – Tromsø). Alle desse rutene blir i dag trafikkerte av Widerøe.

Einerett til drift av flyruter vil – i utgangspunktet – bli gitt til det flyselskapet som har det lågaste kravet til godtgjersle frå staten.

Frist for innlevering av anbod er sett til 22. september 2006. Val av flyselskap vil tidlegast skje 22. november 2006, med sikte på at trafikken skal ta til frå 1. april 2007.

Flyselskap som får einerett til drift av rutene må ha gyldig lisens for drift av flyselskap i EØS-området. I tillegg må innleverte anbod oppfylle dei krav som Samferdselsdepartementet har fastsett for drift av rutene. Slike krav omfattar mellom anna billettprisar, setekapasitet og krav om kor mange flygingar det skal vere per dag eller veke på dei aktuelle strekningane.

I utlysinga av anbod for drift av flyruter i Nord-Troms og Finnmark er det mellom lagt til grunn at maksimalprisane skal setjast ned med 20 prosent, samanlikna med dei prisane som gjeld i inneverande anbodsperiode. Det blir i anbodet stilt nye krav som skal gje betre samband mellom Vest- og Aust-Finnmark, spesielt mellom Alta og Kirkenes. Samferdselsdepartementet har elles lagt til grunn at det nye anbodet sikrar vidareføring av eit godt tilpassa flyrutetilbod samtidig som det blir lagt godt til rette for konkurranse mellom flyselskapa om ruteområda.

Statens kjøp av flytransport skal bidra til stabil sysselsetting og busetting i distrikta. Målet med kjøpet er å få eit langsiktig, samfunnsøkonomisk effektivt og likeverdig lufttransporttilbod, med ein god transportstandard som er til nytte for befolkninga og næringslivet, og som reduserer avstandsulemper og bidrar til velfungerande regionar.

Til redaksjonen

For meir informasjon – sjå:

Pressemelding nr 66/06 av 15.8.2006 frå Samferdselsdepartementet: Lågare billettprisar og betre trafikktilbod på regionale flyruter i Finnmark og Nord-Troms.

Anbodsinvitasjon av 24.8.2006 frå Samferdselsdepartementet (i pdf-format) på norsk og engelsk.

Sjå også pressemelding på engelsk.