Regjeringa styrker samisk språk og kultur
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 133/11 | Dato: 13.10.2009
Løyvinga til samiske formål vil i 2010 utgjere 798 millionar kroner, ei auke på omlag 38 millionar kroner. Sametinget får årlege midlar frå fleire departement og vil forvalte 351 millionar kroner i 2010, ei auke på 17 millionar kroner.
Løyvinga til samiske formål vil i 2010 utgjere 798 millionar kroner, ei auke på omlag 38 millionar kroner. Sametinget får årlege midlar frå fleire departement og vil forvalte 351 millionar kroner i 2010, ei auke på 17 millionar kroner.
Eit av dei viktigaste satsingsområda er samiske språk. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til oppfølging av Handlingsplan for samiske språk over budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) med ytterlegare 5 millionar kroner i 2010. AID har med dette auka løyvinga til Handlingsplan for samiske språk med totalt 13 millionar kroner dei siste to åra.
Av totalsatsinga på 5 millionar kroner til oppfølging av handlingsplanen for samiske språk, vil regjeringa setje av 1 million kroner til Senter for samisk i opplæringa ved Samisk høgskule. Det vil òg bli satt av midlar til senteret over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Sametinget vil bli tilført 3,5 millionar kroner i 2010.
I budsjettet for 2010 blir det gjort framlegg om å innføre ei ordning for avskriving av utdanningsgjeld for lånetakarar som fullfører samisk lærarutdanning eller skaffar seg kompetanse i samisk som del av lærarutdanninga. - Dette er eit svært viktig tiltak for å auke talet på lærarar og førskolelærar med kompetanse i samisk språk, som det er stor mangel på i dag, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.
Regjeringa vil løyve om lag 215 millionar kroner til Sametinget over budsjettet til AID i 2010. Løyvinga omfattar blant anna 4 millionar kroner som følgje av at Lavangen kommune blei innlemma i forvaltningsområdet for samiske språk i haust. Regjeringa har med dette framlegget auka tospråklegheitstilskotet til kommunar og fylkeskommunar med totalt 14 millionar kroner sidan 2006.
Løyvinga til samiske kulturformål blir auka med om lag 10 millionar kroner i 2010. Dette inkluderer ei auke på 3,36 millionar kroner til Sametinget, 3,3 millionar kroner til Samisk arkiv, 2,1 millionar kroner til byggeprosjektet ved Ája Samisk Senter og ytterlegare 0,5 millionar kroner til Internasjonalt Samisk Filmsenter.
Over budsjettet til Miljøverndepartementet vil det bli løyva 1 million kroner til skjøtsel og tilrettelegging av Mortensnes kulturminneområde i Nesseby i Finnmark.
Last ned:
- Bevilgninger til samiske formål - vedlegg til statsbudsjettet 2010