Utlendingsdirektoratet (UDI)
Ekstern verksemd | underliggande etat | Justis- og beredskapsdepartementet
Utlendingsdirektoratet (UDI) skal setje i verk flyktning- og innvandringspolitikken på Justis- og beredskapsdepartementet sitt ansvarsområde.
UDI har ansvar for behandling av søknader frå utlendingar som vil besøkje eller bu i Noreg, samt drift av asylmottak og utvisingssaker. Dei skal leggje til rette for ønskt og lovleg innvandring og sørgja for at dei som oppfyller vilkåra, får komme til Noreg. Samtidig har dei ein kontrollfunksjon og skal sjå til at systemet ikkje blir misbrukt.
UDI behandlar søknader om vern (asyl), besøksvisum, familieinnvandring, opphaldsløyve for å arbeide og studere, statsborgarskap, permanent opphaldsløyve og reisedokument. Dei gjer også vedtak om bortvising og utvising. UDI behandlar dei sakene som utanrikstenesta og politiet ikkje har myndigheit til å avgjere, og dei sakene der det er usikkert om det bør givast opphaldsløyve. Som fagleg overordna organ instruerer UDI politiet og utanriksstasjonane i utlendingssaker.
I tillegg har UDI ansvar for at alle asylsøkjarar får tilbod om ein stad å bu medan dei ventar på at søknadene blir behandla, og for å finna gode løysingar for dei som vil reise tilbake til heimlandet sitt.
Tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar
Nettside: https://www.udi.no/