Politidirektoratet
Ekstern verksemd | underliggande etat | Justis- og beredskapsdepartementet
Politidirektoratet er den øvste leiinga i politiet. Politidirektoratets hovudoppgåver er fagleg leiing, styring, oppfølging og utvikling av politidistrikta og særorgana til politiet.
Politidirektoratet er den overordna styresmakta til politidistrikta og særorgana og deira næraste støttespelar. Direktoratet har også ei sentral rolle i innsatsen mot internasjonal og organisert kriminalitet.
Politidirektoratet si rolle er å
- gjennomføre regjeringa sin politikk gjennom tildelingar og oppdrag
- forvalte regelverk og tilskot
- vere fagleg rådgivar for Justisdepartementet, politietaten og lensmannsetaten, andre offentlege organ, samarbeidspartnarar og publikum
- leie, styre, organisere og utvikle politietaten og lensmannsetaten
Direktoratet leiar utviklingsarbeidet i etaten. Det har ansvar for både styring og kompetanse. Politidirektoratet hjelper aktivt til med å
- analysere kriminalitet
- samordne ressursar
- utvikle metodar, leiing og kompetanse
Dette gir kvalifisert hjelp og støtte til politidistrikta, særorgana, Justis- og beredskapsdepartementet og andre samarbeidspartnarar. Denne støtta er viktig for eit framleis desentralisert politi.
Tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar
Nettside: https://www.politiet.no/