Hovudredningssentralen / Hovedredningssentralen
Ekstern verksemd | underliggande etat | Justis- og beredskapsdepartementet
Hovudredningssentralen har overordna operativt ansvar ved søk- og redningsaksjonar i Noreg.
Hovudredningssentralen viktigaste samfunnsoppdrag er å leie og koordinere alle typar redningsaksjonar (land-, sjø- og luftredningsteneste) for å redde menneske i akutt nød.
Sjø- og luftredningsteneste blir alltid koordinert direkte frå Hovudredningssentralen. Hendingar på land blir, i dei aller fleste tilfella, delegerte til ein av dei lokale redningssentralane (LRS), etter føringar frå Hovudredningssentralen.
Hovudredningsentralen er organisert med to redningssentralar, éin i Nord-Noreg og éin i Sør-Noreg. Ansvarsområdet mellom Nord- og Sør-Noreg blir delt på 65 grader nord, langs grensa mellom Nord-Trøndelag og Nordland.
Politimeisteren med ansvar for Bodø leier Hovudredningssentralen Nord-Noreg og politimeisteren med ansvar for Sola leier Hovudredningssentralen Sør-Noreg. Dei lokale redningssentralane blir leia frå dei respektive politidistrikta, men hovudredningssentralane er ansvarleg for å føre tilsyn.
I tillegg leier HRS Nasjonalt redningsfagleg råd (NRR), og har også eit særskilt pådrivaransvar for å halda ved like og vidareutvikla norsk redningsteneste.
Samvirkepartnarar
Redningstenesta blir utøvd som eit samvirke mellom offentlege organ, frivillige organisasjonar, og private verksemder.
Ved kvar av dei to avdelingane er det ei redningsleiing samansett av dei sentrale samvirkepartnarane. Dei statlege samvirkepartnarane skal bestå av representantar for Forsvaret, Luftfartstilsynet, Kystverket, Sjøfartsdirektoratet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Helsedirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
I tillegg er følgjande samvirkepartnarar medlem etter invitasjon frå Justis- og beredskapsdepartementet: Avinor, Telenor Maritim Radio, Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum og Redningsselskapet.
Tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar
Nettside: https://www.hovedredningssentralen.no/