Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap / Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Ekstern verksemd | underliggande etat | Justis- og beredskapsdepartementet
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet og vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. DSB skal sørgje for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehandtering.
DSB skal bidra til å hindre tap av liv og verne om helse, miljø og materielle verdiar ved ulykker, katastrofar og andre uønskte hendingar i fred, krise og krig.
DSBs ansvar omfattar mellom anna:
- Nasjonal, regional og lokal tryggleik og beredskap
- Brann- og eltryggleik
- Industri- og næringslivstryggleik
- Farlege stoff og transport av farleg gods
- Kritisk infrastruktur for telekommunikasjon brukt av nød- og beredskapsaktørar
- Produkt- og forbrukartryggleik
- Tilby operativ støtte, som samordning, forsterkning og fagleg rådgiving, under kriser
- Følgje opp norske interesser og forpliktingar på samfunnstryggleiksområdet med internasjonale organisasjonar som EU, FN og NATO
- Etatsleiing av Sivilforsvaret
I tillegg har dei fagmyndigheit for brannvesenet og beredskapsarbeidet frå fylkesmennene. DSB har også ansvar for Sivilforsvaret, Nasjonalt utdanningssenter for samfunnstryggleik og beredskap og Noregs brannskule.
Tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar
Nettside: https://www.dsb.no/