Ansvarsområder og oppgåver i JD

Justis- og beredskapsdepartementet (JD) har ansvar for politi- og påtalemakta, rettsvesenet, kriminalomsorga og utlendingsstyresmaktene. I tillegg har vi ansvar for samfunnstryggleiken, redningstenesta og samordning av norsk politikk i polarområda.

Som fagleg sekretariat for politisk leiing støttar vi med fagleg grunnlag for utvikling, formidling og gjennomføring av politikken til regjeringa.

Departementet har forvaltningsansvaret for eit stort tilfang lover og er klageinstans i fleire forvaltningssaker.

Departementet utarbeider handlingsplanar og strategiar, proposisjonar og meldingar, lover og forskrifter. Vi lagar statsbudsjettet for justis- og beredskapsområdet og skal sikre god økonomistyring internt i departementet og i heile justissektoren.

Departementet publiserer eige årsrekneskap, samt tildelingsbrev og årsrapportar frå underliggjande verksemder på regjeringa.no.