Datatilsynet
Ekstern verksemd | underliggande etat | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Datatilsynet er eit uavhengig forvaltningsorgan administrativt underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Etaten er både tilsyn og ombod i personvernsaker.
Oppgåvene til Datatilsynet følgjer av personopplysningslova med forskrifter og ei rekke andre lover som gjeld personvern.
Tilsynet skal sjå til at personopplysningar vert behandla i samsvar med regelverket, og at feil og manglar vert retta. Datatilsynet skal òg gi råd til privatpersonar og næringsdrivande om behandling og sikring av personopplysningar, vere høyringsinstans i saker om personvern, ta del i internasjonalt personvernarbeid og vere aktiv i offentleg ordskifte om personvernrelaterte saker.
Datatilsynet behandlar søknader om konsesjon for behandling av personopplysningar etter personopplysningslova § 33 og fører ein offentleg tilgjengeleg oversikt over behandling av personopplysningar som er meldt til tilsynet etter personopplysningslova § 31. Ei fullstendig liste over oppgåvene til Datatilsynet finn du i personopplysningslova § 42.
Datatilsynet vart oppretta 1. januar 1980.
Tildelingsbrev, instrukser og årsrapporter
Nettside: http://www.datatilsynet.no/