Historisk arkiv

Utlysing av anbod for helikopterruta Værøy – Bodø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag lyst ut anbod for drift av helikopterruta Værøy - Bodø for perioden 1. august 2011 - 31. juli 2014. Flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod.

Samferdselsdepartementet har i dag lyst ut anbod for drift av helikopterruta Værøy - Bodø for perioden 1. august 2011 - 31. juli 2014. Flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod.

Anboda må oppfylla dei krava som Samferdselsdepartementet har fastsett for drifta av ruta. Slike krav omfattar mellom anna billettprisar, setekapasitet og talet på flygingar på strekninga. Einerett til drift av ruta vil bli gitt til det selskapet som har det lågaste kravet til godtgjersle frå staten. Flyselskapet som får einerett til drift av ruta må ha gyldig lisens for drift av flyselskap i EØS-området.

I førre anbodsutlysing blei det stilt nye krav om gjennomføring av to daglege rundturar også i den mørke årstida, i fall ein fekk godkjent eit system for innflyging i mørke til Værøy. Dette systemet er på plass, og det nye anbodet vidarefører difor kravet om to rundturar i den mørke årstida.

Frist for innlevering av anbod er sett til 27. september  2010, kl. 12.00.


For fleire opplysningar –sjå:

• Anbodsinnbyding. Ruteflyging (helikopter)Værøy-Bodø v.v. 1. august 2011 – 31. juli 2014 (pdf)